Champagne shower!

Høyrest kanskje veldig kjekt ut! Men utandørs i 40º, så er det plutseleg ikkje like glamorøst lenger... verste av alt var at vi måtte gjere det fleire gongar gjennom heile dagen. Første champis dusjen var kl 12, og vi var ikkje ferdig på jobb før kl 18. Æsj, klissete og lukta ikkje godt!!! Lunsj pausa brukte eg på å vaske kostyme og tørke meg med hårfønar...



Vart ikkje kostyme skift... Skulle egentlig vere shoot idag også, men det vart utsatt. Varmen er EKSTREM idag, så om det er pga det, det veit ikkje eg, men ser ikkje vekk i frå det.

Denne musikkvideoen er ilag med tre eldre store stjerner og Akshay Kumar. Eg måtte danse med ein av skodespelarane. Vi snakka litt mellom kvar take, ein koseleg eldre kar. Eg googla han når eg kom heim.. oj, han er vist ganske stor innsåg eg då. Anupam Kher heiter han. Han har også spelt i "Bend it like Beckham" og "Bride and Prejudice".

Sjølv om kostyme og champis dusj ikkje sto høgt på lista, trur eg musikk videoen blir morsom. Blir kjekt å sjå ferdig resultat!

Hm... no fekk vi nettopp besøk av Pest-Control... No inspiserer dei leiligheta. Åh, India. 




Musikkvideo med Mika Singh er no ute

Nokre veker tilbake hadde vi ein nattshoot med Mika Singh.  Kortverjsonen av musikkvideoen kom ut forrige veke. For dei som ikkje har sett den, sjekk den ut her:

Enjoy!

Verste kostyme så langt!

Ny shoot idag. Verste kostyme eg har hatt så langt... Om eg skal forestille ein sirkusartist eller ei som står på hjørnet, er eg usikker på. Men ein ting eg er sikker på, er at eg ikkje er nokon fan av dette antrekket! To dagar til med samme shoot, så eg kryssar fingrane for kostyme skift...







Vi prøvde oss på søt og uskyldig-look...:



Men det forandra seg fort når kostyme designer kom...



Alt eg har å sei... eg kryssar fingrane for kostymeskift..

1950s pin up girl

Har tilbringt 12 timar i dusjen idag! Litt overdrevet, men ikkje langt ifrå! Føltest ut som ei rosin når eg gjekk frå set idag..














Ny erfaring å danse i dusjen med helar og falske augevippar.. blir nok ikkje ei vane! Morsom shoot med ei stor stjerne. Har tatt mange bilder, kanskje eg lastar opp fleire ein annan dag. Masse jobb framover no, så blir ei travel tid. Imorgon er det nattshoot, og då skal eg danse salsa! Spennande! Har vore ein lang dag, så no er det køya!! :) Nattaklem ♡

Livet er herlig!

På jobb frå soloppgang til solnedgang, i eit basseng!! Då har eg vel lov å seie at livet er herlig!! 


Her er "kostyma" mi for dagens shoot









Må sei India sliter oss ut...




Og sjølvsagt, obligatorisk bilde av Laura og meg!

Slik var min dag på jobb. Korleis var din? :)

Vannscooter tur i solnedgang med Akshay Kumar, sa du?

Ja, slik avslutta eg min arbeidsdag idag! Cruise rundt på vannscooter med Akshay Kumar i solnedgang. Det var siste take idag, og eg og ei til, vart valgt ut til å vere med i denne scena. Kjempe artig avslutning på ein lang dag i sola på stranda! Vi hylte og lo om ein annan! 

Idag har vi jobba nesten konstant frå soloppgang til solnedgang. Har vore i sola i ei badedrakt i full sol, og opp i mot 40º....Har grusomme skiller, og ein flott raud glød, sjølv om eg hadde høg solfaktor og sprang i skyggen mellom take. 







GLIIIIIIIIS! Lang dag på jobb, endeleg er sola gått ned og vi kan fare heim! Like tideleg start i morgon, så no er det rett i køya... Natta ♡

Hard dag på jobb...

Av og til er det så hardt på jobb... idag var ein slik dag!


Haha!! Nei, langt i frå! Strandshoot heile dagen på ei nydeleg strand i sola? Hm, vil sei det hørest ganske fint ut eg! :)











Trøtte Robyn på vei heim. Blir sliten av å danse i steikande sol, men det var ein fin dag!

Sjåføren er her kl 05:30 i morgon tideleg, så på tide å komme seg i seng. Natta ♡

11 veker i India!

Idag har eg vore i India i 11 veker!! Eg har berre 5 veker igjen.. tida har gått enormt fort.. Eg har kosa meg mykje, og skal kose meg dei siste vekene også :) Fridag idag, så eg og Laura slappa av på taket og kosa oss i sola.








Koseleg dag i sola! :)



Eit screenshot frå mobilen min igår kveld. Kl 19, sola var gått ned, og det er 35º ute...!

Ser ut som at Noreg har hatt ein fin veke med nydeleg veir også. Håpar på ein flott norsk sommar i år! Heime om 5 veker Noreg! Gleda meg!! :D 

Klem ♡

Payday og lunsjdate

Idag var det lønningsdag, alltid ein fin dag det ;) Utanom det, går dagane i det samme når vi har fri. Eg starta dagen med ei deilig økt på treningsstudio. Til lunsj for eg og Laura ut å et. Er så enormt mange gode restauranter rundt om her, og no har vi begynt å finne vore favorittar som vi stadig går tilbake til :)

Idag vart det lunsjdate med Laura på Alfredo









Kjempe god mat, og ikkje minst, herlig selskap!


Mett og go', begge to!! I heisen på vei opp til leiligheta :) 

Ha ein fin dag alle sammen ♡

Mumbai koker over!

Hjelpe meg... varmen er intens no! Starta dagen med ein tur på treningsstudio. Sjølv om det er AC på studio, kjenner man at utandørstemperaturen har auka... Etter berre 10 minutt på mølla var eg søkkvåt!! Eg elska å sveitte, så eg fortsatte joggeturen og fekk meg ei fin økt! 

Resten av dagen har gått med til å slappe av. Har hørt rykte om kva som skal skje framover...så vi må nyte dei fridagane vi får...!! Utanom trening, var eg og Laura på Cafe Coffee Day og kosa oss med iskaffi.











For varmt for kle!!! Saknar faktisk "normal" temperatur som vi har heime...

No er det straks klar for kvelden! Klem ♡

Tilbake i Mumbai

Chennai shoot er over!


Jentene ilag med koordinatoren vår på denne jobben

 

Som sagt tidlegare, kan alt skje her i India. Vi skulle på nytt oppdrag i Chennai, men så vart vi sendt tilbake til Mumbai istaden. Kostymeprøvene og alt hadde vi gjort. Ein av dei som var med oss likte ikkje måten dei jobba på under kostymeprøvene, og valgte å ta oss av jobben. Så det var bra for våras del. Med andre ord, vi blir tatt godt vare på!


Mumbai, here we come!!

Oppsummering av Chennai: Ein tur med mykje latter!! Vi har kosa oss mykje, og har fått dansa mykje, har sveitta konstant i 5 dagar (kanskje å ta litt hardt i, men var ikkje langt ifrå!!). Kjekk shoot, og eg sang til og med på hindi til bakomfilmen. Haha!!

Chennai-turen starta og slutta på ein "kjip" måte. Første dag vi kom var ikkje bra pga hotell og dei ansatte, og nest siste dag vart Laura sjuk og måtte på sjukehus, og berre 3 av oss kunne jobbe. Ho er betre no! Så alt i alt, var Cheennai ein fin tur!


 Framleis ikkje heilt i strøk, og humøret hennes er på TOPP! Haha!! ♡

Har ikkje vore så flink denne gongen å ta bilder sidan vi har vore på same location heile shooten, og i same kostyme. Men her er ihvertfall nokre:




Jentene eg deler rom med i Mumbai




Hovudperson i filmen (i grønt), og 4 skodespelarar rett før ein take



"The real slim shady"? Kven andre enn meg synest at ansiktet er overraskande lik Eminem?? (dette er ein av dei ulike bakgrunnane på set)


Takeaway på hotellrommet... feast!!! Ja, vi åt opp alt.. vakna opp mette.. :) Veldig greit når vi er på jobb, då får vi bestille det vi vil ;)




Tilbake i Mumbai!

Sidan eg kom heim har eg ligget strak ut på sofaen. Orka ikkje engang å fare på trening.. kjenner eg er sliten og treng ein dag med berre kvile. Godt av det også, ein gong i blant ;) 

Klem ♡

 

 

Lange (men kjekke) dagar i Chennai

4 dagar med shoot er overstått, og vi var såååå glade idag tideleg, sidan vi endeleg skulle få sove ut i morgon. Opp kvar dag kl 05:30, og rett på set for sminke. På hotellet igjen ca kl 20, så no er vi klare for ein morgon der vi kan sove ut! 

Meeeeeeen, eg glømte ein ting... JA! Vi er jo i India. Her kan jo kva som helst skje! Så no er det opp i morgon tideleg for enda ein lang dag med denne shooten. Dei klarte ikkje å bli ferdige idag, så må ha ein dag til. Kanskje morgon natt også. 

 

 

 

 

 

 








 

 

Sjølv om det er lange dagar, og lite søvn, kan vi ikkje klage! Vi blir brukt so og sei heiletida på shoot (så tida går fort for vi får danse ein god del), vi får MASSE god mat, vi blir behandla bra, og vi har verdens beste spotmann! Ikkje spotboy denne gongen, men ein eldre mann. Han er den beste spot vi har hatt så langt. Alltid klar om det er noko, har alltid oppkutta frukt til oss når vi har ei lita pause, og han får alltid mat bestillinga vår rett. Han kan ikkje eit ord engelsk! Han fekk vite av koordinatoren min at eg likte samosa idag, og han skaffa samosa utan at eg viste det! Eg et 3 stk... han ville eg skulle ete fleire, magen sa ja, hodet sa nei. 3 er meir enn nok! Imorgon er siste dag, får vi tru... så er det vidare til ny shoot i overimorgon, også her i Chennai. Kva det er, får tida vise :) No roper senga på meg.... Natta ♡

 

 

 

Shoot i Chennai

Kjapp oppdatering frå Chennai!

På vei til Chennai





Turen gjekk fint! Godt selskap og god flymat! 



Første dag... ikkje imponert etter null søvn og elendig hotell.... (Vi har ikkje grønt hår... er pga lyset! :p )


Humøret steig utover dagen, etter vi fekk beskjed om hotellbytte!


Jentene på set, klare for take! 


Nettopp stått opp frå denne senga.. sov så godt!! Endeleg ei mjuk seng, og dyyyyyne!! :) Gleda meg til ikvelden igjen.. :) Alt står bra til her i Chennai!

No er det jobb! Ha ein fin dag alle sammen ♡

See you later Mumbai!

No er det pakking på gang! Reiser til Chennai i ettermiddag og skal vere der i 9 dagar. Dette blir spennande! Om der er internett, så held eg dokke oppdatert undervegs!


Ha det bra så lenge, Mumbai! ♡

Slakk kosedag

Idag har vore ein slakk dag. Fått vite meir om jobb så snart kicker det inn :) Det blir kjekt! Gleda meg til å jobbe igjen, blir veldig fort lei av fri...

Rickshaw tur!


Ettermiddagslur bak i hengaren. Her sover folk overalt!

Eg hadde meg ein springetur idag på treningsstudio. Var så støl etter gårsdagens økt, så holdt med ein springetur :) Eg blir framleis ikkje vand til å sjå oss sjølv på tv, dukker opp overalt. To  av videoane eg var med i poppa opp på tv medan eg sprang.


Her er frå Charleston shooten.

Avslutta dagen med eit koseleg måltid ilag med Laura på favoritt meksikanske restauranten vår ned i gata her.



Klem ♡

India er fantastisk!

India er fantastisk på mange måtar!

Etter trening idag stakk eg innom skjønnhetsalongen ved sidan av treningstudio. Det har hengt ein plakat der heilt sidan Holi, om eit "Holi offer" som går ut 30. mars. Sidan eg har vore dårleg i det siste så tenkte eg at ei behandling kan vere deilig. Og ja!! Det var fantastisk! Fekk manikyr, pedikyr, hode/nakke/skulder/arm massage, og threading av augebryn. Eg var på salongen i nesten 2 timar, og storkosa meg. Følte meg ny når eg gjekk derifrå med babymjuke føtter!






Hodebunnmassasje med varm kokosnøtt olje, var heilt fantastisk... Ei finfin avslutning på kvelden! No sitt eg her full i kokosnøttolje, og føler meg ganske avslappa og fresh :)

Ein annan faktisk ting med India er denne flotte blomsterpotta:

"Hm...blomsterpotte?!" , tenker du no. Ja!! Denne er fantastisk! Restauranten eg har fortalt om tidlegare, Jam Jar, serverer denne blomsterpotta! Det er ein nydeleg dessert! Består av brownie, is, marsmellows, fudge, og oreo smular på toppen (som skal forestille mold). Var tredje gangen min på JamJar igår, og eg kan garantere det blir fleire gongar!

Frisørsalongen ringte meg idag, heilt tilfeldig. Eg var der for ei veke sida. Dei lurte på om eg var fornøgd med håret og jobben dei gjorde. Eg sa eg var fornøgd, men var litt gulskjer i det. Svaret eg fekk, kom ned på salongen når du ønsker, så skal vi fikse det for deg! Eg har aldri fått ein slik telefon frå ein salong i Noreg før... Fantastisk eller kva?

Så ja, er ikkje India fantastisk? For å overbevise dokke meir....eg betalte 55 kroner for all behandlinga på skjønnhetsalongen! Klem

 ♡

Intervju om spisefortyrrelse

Dei som kjenner meg og mi historie, veit at eg sleit med spiseforstyrrelse i nesten 5 år. Eg fekk spørsmål for nokre dagar sidan om nokon kunne få intervjue meg om spisefortyrrelsen min, for ei bachelor oppgåve. Eg er open om dette temaet, for eg er ikkje skjemd lenger, så eg sa ja. Altfor mange lider av spiseforstyrrelse, så meir fokus man får på det, jo betre meinar eg.


Nydusja, og godt til rette i godstolen, og klar til å ta fatt på spørsmåla.

Når eg begynte å skrive, slo det meg kor godt eg har det no... Eg var heldig, og kom meg utav det, takka vere profesjonell hjelp, og ikkje minst støtte frå familie og sambuar.

For ein gong skuld er eg på danseoppdrag i utlandet, og har ikkje fått ein einaste negativ kommentar om kroppen min, sjølv om eg er større no enn ved tidlegare oppdrag. Idag eter eg det eg vil, når eg vil, og så mykje eg vil. Og har endeleg eit normalt forhold til mat, trening og dans.

Når eg satt å skreiv om tida då eg var sjuk, huska eg plutseleg alt det grusomme frå då eg var sjuk. Historiene er mange, og sjokkerande, eg føler eg kan skrive ei heil bok om denne tida og dette temaet. Det gjer meg vondt å vite at mange unge går gjennom dette, kvar dag, utan at andre gjer noko med det, eller i det heiletatt er klar over det.. 

Veien til spiseforstyrrelse er kort, men veien utav det, er enormt lang.. Sjølv om veien var lang, kan eg no ærleg sei at eg har eit fantastisk liv. Eg vaknar opp kvar morgon med ein smil og munnen, og nyter kvar ein dag og setter pris på alt eg har ♡

Det koker i Mumbai...

Sjølv om formen er så som så, for eg og Laura til Sea Princess idag og sola og bada oss. Har berre 7 veker igjen, så må nyte tida fult ut!! Varmen er ekstrem... så vi holdt ut berre eit par timar. Dei seier at etter Holi er det varmen begynner. Og ja, det har stemt ganske bra. Varmen har vore ekstrem dei siste dagane. Kan høyrest ganske fint ut, men når man har kjent lukta av India, og kjent følelsen av å vere i ein overbefolka by, så er det plutseleg ikkje like idyllisk lenger. 

Men på Sea Princess gløymer vi at vi er i Mumbai, og får ein skikkelig smak av ferie. Det er idyllisk.







På vei heim stoppa vi på Café Coffee Day. Eg kosa meg med iskaffi og samosa. Eg elsker samosa!

Ha ein fin dag alle sammen ♡

Sjuk.. Vil ha dyna og senga mi i Noreg..

Ikkje kjekt å vere sjuk, spesielt når man ikkje er heime i senga si i Noreg med ei deilig dyne..


Tommel ned og surelepper!


For første gang er eg glad for å høyre at eit oppdrag er avlyst.. Vakna idag med vond hals, haudeverk og feber. Dei andre jentene har vore forkjøla sidan begynnelsen av veka, og no har eg fått det..Vi har skrudd ned AC pga det har blitt enormt varmt i det siste, og vi har sikkert reagert på det.. 

Fekk beskjed for nokre dagar sidan at vi skulle ha nattshoot inatt, men den vart avlyst. Ville jobbe, men vart litt letta når den vart avlyst når eg ikkje er i strøk.

 Satsar på at formen er fantastisk i morgon! 

 

 



No skal lørdagskvelden nytast. Heile lasagnen og kvitløksbrødet forsvant i magen.. eg ligg strak ut på sofaen, stappmett. Som vanleg, matlysta er på topp sjølv om formen ellers er så som så ;) 

 

 No er det straks film, og mest sannsynleg litt godis sidan eg må pleie meg sjølv når eg er sjuk ;) Med andre ord, lørdagskvelden skal nytast sjølv om eg er sjuk! Eg flytter meg ikkje frå sofaen før eg skal i seng :) Ha ein fin lørdagskveld alle sammen ♡

Bollywood Night

Igår kveld var det farvel fest for ei av jentene. Vi for ut på klubben vi har vore på tidlegare, og der er det Bollywood Night kvar torsdag. Var ein kjekk kveld med jentene! 


The Blondies! Jenta i midten skal reise, det lika ikkje eg og Laura! 

 

 




Megan er ferdig med kontrakta si på mandag. Ikkje kjekt at så mange skal reise no..






Og sjølvsagt, obligatorisk bilde av meg og Laura mi!



Ein fin kveld i Mumbai med herlige jenter!

Kyss frå meg ♡


Sneak peek på Hyderabad shoot

Trailer til musikkvideoen i Hyderabad er no ute, sjekk ut video lenger nede!











Klikk på video, eller sjekk ut video her

Enjoy ♡

Musikkvideo er no ute!

Husker du denne shooten?










Musikkvideoen er ute no!


Link til video!

 

Del 3 Goa

Siste dag i Goa. Shoot på to ulike location. Starta kl 05:30 igjen, slik at vi er klare til shoot når sola er stått opp. Første location var ei gammal kyrkje. Nydeleg! Kostyma var kvite kjolar. "Engleaktig"












"Falling angel" :p

Neste location var på ein beach resort eit stykke vekke. Her et vi lunsj og kosa oss litt før shoot. Har ingen bilder av kostymene, men vi hadde tre ulike shoot her. Ein motorsykkel babe (kalla dei det...eg vil heller kalle det pirat aktig...), ein shoot i bassenget og ein negleshoot på slutten av dagen.












Bassenget vi hadde shoot i. Eg måtte vere med på ei ekstra scene i bassenget, medan jentene gjorde seg klare til negleshoot. Når eg endeleg var ferdig, hoppa eg i dusjen og forta meg så eg fekk fiksa neglene mine....


Eg fekk limt på desse...men sola gjekk ned og berre ei av jentene rakk shooten! Alt dette neglestyret for ingen grunn! Fekk fiksa neglene då, får sjå det positive i det ;)



Trøtte jenter klare for å fly heim til Mumbai. Vi har kosa oss mykje i Goa, nydeleg plass! Ein liten "ferie" ;)



Nydeleg solnedgang på vei ut av hotellet. Vellykka tur til Goa!

Klem ♡

Del 2 Goa

Dag to starta kl 05:30. 


Nydeleg soloppgang, tatt frå vinduet i garderoba. Vi måtte ta ferje til ei øy, der vi skulle ha shooten.


I første shoot var det ingen dansing. Eg skulle berre sykle forbi artisten medan ho sang. 2 andre jogga, og ei var fiskarkone.


Huff for ei grusom kostyme... og av alle ting så måtte eg sykle på ein LITEN rosa sykkel. Eg lo så eg grein!! Ingen ville vere syklisten, så eg tok ein for teamet... æsj!

Etter lunsj var vi sigøynere, eg vil heller kalle oss hippier. Her hadde vi heldigvis litt meir å gjere :)




Ekstrem varme heile dagen... 






"Bombay Babes" strikes again!



Varm, lang, men kjekk dag. Solbrente heile gjengen, sjølv om vi hadde høg solfaktor, og satt i skygge eller i traileren vår mellom opptak.




 

Del 1 Goa

Endeleg kjem Goa oppdateringa...

Etter nattshoot, var det rett heim, pakke, sove, og rett avgarde til Goa. Sidan eg kom hit, har eg hatt lyst til Goa. Heldigvis vart eg valgt til shooten, og fekk reise. Var berre 4 av oss, så ein koseleg liten gjeng.


Klare til avreise!


"Bombay Babes" er klare for Goa!!

 

 

Solnedgang når vi landa, og 34 grader ute.


Sidan vi kom ganske tideleg til Goa, og til hotellet, fekk vi jentene gå ut på middag ilag. Ei av jentene har reist Goa før, og tok oss med til Baga beach og spiste middag på stranda. Alt eg kan sei... FERIE!!! Var som å vere i syden! Marked overalt, kvite mennesker, barar og restauranter, og musikk frå alle kantar. Typisk "sydenferie". Perfekt start på Goa oppdrag!! ;)









Veldig bra førsteinntrykk av Goa ♡


Oh Holi... Ikkje like kjekt dagen derpå!

Oh Holi... Etter utallige gongar i dusjen med skrubbing av både hud og hår, er eg framleis full av regnbuens fargar! Rosa hender, lilla tær, oransje ansikt, raude augebryn, og regnbue hår... Eg har forsøkt det meste, alt frå olje, til tannkrem og neglelakkfjernar. Laura har samme problem, men ho slapp unna augebryna..heldige ho!! Endte med at eg og Laura for på frisørsalongen å spurte om dei kunne fikse håret, for kropp og ansikt kan eg sminke dersom vi får oppdrag.

Etter 4 timar i stolen, har eg framleis litt rødt og oransje i håret. Men betre no ihvertfall! Pluss, eg fekk tatt all etterveksten! Etter salong besøk, kosa vi oss på restaurant berre vi to og fekk endeleg skravle litt sidan eg har vore vekkreist på oppdrag. 







Håret er betre, men framleis røde og oransje striper ved øyrene. No gjenstår augebryna og huda.. frisøren anbefalte å ikkje farge bryna pga holi fargen vil gå vekk etterkvart.

Haha! Eg hadde det ihvertfall kjekt igår! Men glad det er Holi berre ein gong i året!! Glad eg fekk oppleve det, var nok første og siste gang! ;)

Rockeshoot

For nokre dagar sidan hadde vi ein nattshoot. Dette var ein shoot for ein film. Trur den skal forestille 1993, og vi er eit rockeband ilag med artisten Mika Singh. Skodespelarane er ungdomar, typisk komedietype; ein nerd, ein tjukkas, ein dum o.l.  Kjempe morsom shoot! Er den kjekkaste eg har gjort så langt! Eg rocka laust på bassgitar, medan pyro spruta ut av gitaren. Var berre vi 6 jentene, skodespelarane i filmen og artisten. I publikum var det hundrevis av folk. Så var to morsomme netter! Kjempe koseleg koreograf, som heiletida passa på at alt gjekk bra med oss. Han kom stadig med snacks, sjokolade og redbull for å halde energien vår oppe :p









Assistenten frå Hyderbad var assistent på denne shooten også. Kjekt å sjå igjen kjente fjes


Ilag med artisten Mika Singh







Ilag med ein av hovudpersonane i filmen, "tjukkasen". 







Ilag med koreografen. Håpar eg får jobba med han igjen medan eg er i India. Kjempe koseleg og avslappa, herleg å jobbe med!!

Har tusenvis av bilder... men orka berre lasta opp desse. Kan summere opp med at dette var den kjekkaste shooten så langt!! 

Nettopp komt ut av dusj nr 3 idag, og fargen er framleis ikkje ute frå Holi festen idag.. raude augebryn framleis!!

Klem ♡

Happy Holi!!!

Tilbake i Mumbai igår ikveld, og vart møtt med vannballongar i rickshawen... Holi festivalen var tydelegvis starta!! Tre søkkvåte jenter med koffort var veldig glad når vi kom heim i leiligheta! 

Idag var vi alle invitert til Holi fest. Holi er ein fargefestival, så la festen begynne...

Pistolane er klare, pulverfargar i alle slags fargar og dusjhetta er på!! Fargen er veldig sterk, og setter merker i blondt hår. Så alle blondiner må bruke dusjhette!! 

 



 

 









Kjolen er ikkje lenger kvit ihvertfall! Etter 45 minutter i dusjen med skrubbing, har eg framleis farge på kroppen. Grønne armar, rosa øyrer og røde augebryn...må tilbake i dusjen igjen..!

 

Var kjempe morsomt!! På vei til og frå festen, hang vi ut frå kvar si side av rickshawen, og spruta på alle vi såg. Har vondt i magen for eg har ledd så mykje!! 

 

 

 

 

 

 

 

Plutseleg var eg i Goa!

Etter nattshoot, vart eg sendt til Goa på ny jobb ilag med 3 andre jenter. Nydeleg her!! Hatt shoot i heile dag, og ny dag imorra med shoot. Idag filma vi på ei øy. Mesteparten av bildene er på kamera mitt, så skal legge ut bilder når eg er heime i Mumbai igjen, + fortelle meir om jobben. Alt bra her! Vi nyter livet!! Føler meir ut som eg er på ferie enn på  jobb her ;)



Starta på jobb kl 06 idag. Såg på nydeleg soloppgang medan eg satt i hår og sminke. Fin start på dagen :)



No er det middag med jentene. Ha ein fin kveld ♡

Jentedraum er oppfylt!

Kven har ikkje hatt ein draum om å stå på scena og rocke laust med skrikande publikum?? Eg fekk endeleg "oppfylt" den draumen! 




In action!





Skal skrive eit lengre innlegg seinare, no må eg gjere meg klar til enda ei natt med nattshoot.

Ha ein fin dag alle sammen ♥

Les mer i arkivet » April 2014 » Mars 2014 » Februar 2014
hits